Menu

Årdal før og no er i trykken

Dei aller fleste av dei godt og vel 1.100 medlemane i Årdal Sogelag vil finna nummer 59 av sogelagsbladet i postkassen sin før jul. Gjeve at Posten gjer jobben sin denne gongen òg.

I år er det 30 år sidan Årdal Sogelag vart starta opp att. Etter at lagsarbeidet hadde lege nede eit par tiår. 1992 var også året då den første utgåva av sogelagsbladet, Årdal før og no, såg dagens lys. Dei første par åra med eitt nummer per år, og sidan med to årlege utgåver, i juni og desember.

Bladet som sogelagsnedlemene får til jul i år er soleis nummer 59, og denne gongen er det 40 sider i bladet. Me prøver å få til eit variert innhald i bladet. Denne gongen prøver me oss også med eit kryssord på siste sida i bladet. Kryssordmeisteren heiter Gunnar S. Romøren, ein utflytt årdøl som no er busett i Vormsund.
Det er ikkje lagt opp til noko innsending eller premiering for dei som løyser kryssordet. Det einaste me kan lova er at rett løysing blir presentert i Årdal før og no nummer 60, som kjem ut i juni 2023.

Av innhaldet elles kan nemnast ein artikkel om korleis det var å veksa opp i Årdal på 1950- og 60-talet. Ført i pennen av Aud Signe Melleby (f. Nesse).
Den internasjonale handballturneringa Hydro Aluminium Quality Games var ei årviss hending på siste halvdelen av 1990-talet. Seks turneringar vart det i alt, frå 1995 til og med 2000. Hanne Stedje har teke eit tilbakeblikk på desse turneringane, som verkeleg sette Årdal på kartet i handballmiljøet. Med direktesende kampar på TV2 og TV3.

Desse to artiklane, kryssordet og mykje anna, kan medlemane i Årdal Sogelag no sjå fram til.

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook