Menu

Snart kjem Årdal før og no nummer 56

Sommarutgåva av Årdal før og no går i ytrykken måndag 21. juni. Denne gongen har me fått i hop eit blad på 44 sider, med god geografisk spreiing på innhaldet. Frå tømmerfløyting i Vettisfossen i aust, til dampskipet Aardals forlis i Nordsjøen i 1931 i vest. 
Med andre ord eit blad med eit godt og variert innhald, eit blad som kan lesast på solrike dagar såvel som i regnvêr.

Dei vel 1.200 sogelagsmedlemane kan så smått byrja kikka etter sogelagsbladet i postkassen sin når månadsskiftet juni/juli nærmar seg. 

Les mer

To nye ansikt i sogelagsstyret

Årdal Sogelag avvikla årsmøtet på Klingenberg hotel torsdag 18. februar. I desse koronatidene er det sterk avgrensing på kor mamge menneske ein kan samla til slike møte, og me heldt oss heilt innanfor grensa. Ti personar hadde møtt fram då leiar Bjørn Lindland sette årsmøtet.

Etter årsmøet er dette styret i sogelaget:

                         Leiar:            Bjørn Lindland (attval)
Nestleiar:       Sigfrid Hovland (attval)
                       Jonny Asperheim (ikkje på val)       
                       Helge Øvstetun (ikkje på val)           
                       Kjell Eldegard (attval 2021-2022)                           
                       Jan Einan (2021)
                       Mette Hestetun Berg (ny 2021-2022)
                       Øyvind Lægreid (ny 2021-2022)      

Varamedlemer: Jan Grønsberg (attval)
                          Egil Jørgen Lund (2021
Leiar og nestleiar vart valt på årsmøtet. Resten av styret (kasserar, sekretær og styremedlemer/varamedlemer) konstituerer seg på første styremøtet etter årsmøtet.

Me ønskjer dei to nye i styret, Mette Hestetun Berg og Øyvind Lægreid, velkomne og lukke til. Samstundes takkar me Oddvar Natvik og Bjarne Havro for innsatsen deira i sogelagsstyret.

Ved årsskiftet var det 1.156 betalande medlemer i sogelaget, 32 fleire enn ved førre årsskiftet. Alle medlemene har fått tilsendt medlemsbladet "Årdal før og no" to gonger i 2020, og når det lir mot sommarferien i år kjem det ei ny utgåve av bladet.

Koronaen har sett sine avgrensingar på aktiviteten i sogelaget i 2020. Men noko har me likevel fått utretta. Det vart brukt vel 126.000 kroner på ei oppgradering av uteområdet ved Sogelagsbrakka. Arbeidet vart utført av Fredheim entreprenør.

Elles har sogelaget brukt eit av dei ledige butikkareala i Strandhjørnet på Årdalstangen som utstillingslokale. I løpet av 2020 vart det laga både ei sommar- og vinterutstilling der. Samt ei eiga utstilling for julemånaden. I desember hadde me også ein adventskalender på heimesida til sogelaget.

 

 

Les mer

Det blir årsmøte i sogelaget 18. februar

Årdal Sogelag inviterer til årsmøte på Klingenberg hotell torsdag den 18. februar klokka 19.00. Me tek atterhald om at tidspukt for årsmøtet kan bli endra, dersom det kjem korona-restriksjonar som gjer dette naudsynt.
Innbyding til årsmøtet vart kunngjort som annonse i Sogn Avis laurdag 23. januar. Innbydinga kan du lesa nedanfor:
Årdal Sogelag held årsmøte på Klingenberg hotell, Årdalstangen torsdag, 18. februar klokka 19.00.
Sakliste:
1. Godkjening av møteinnkallinga
2. Val av ordstyrar og skrivar
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Budsjett 2021
6. Innkomne saker
7. Kontingentsatsar 2022
8. Val
Saker til årsmøtet må vera styret i hende seinast 11. februar.
Etter årsmøtet blir det ei enkel servering.
Styret tek atterhald om eventuelle korona-restriksjonar.
Vel møtt!
Styret

Les mer

Sogelagsbladet er snart i postkassane

Utgåve nr 55 av "Årdal før og no" vil koma i postkassen til medlemane i Årdal Sogelag før jul. Bladet vart levert frå trykkeriet, Printfarm, tysdag 15. desember, og i Årdal var Budservice i gang med distribusjonen onsdag 16.

Denne gongen, som i tidlegare utgåver, er det eit godt og variert innhald me presenterer.

Me syner til omtalen Oddvar Natvik har av bladet på facebooksida 1424 Aordøl, og som du òg kan lesa nedanfor.:

64 sider med allsidig stoff frå Årdal si nære og fjerne soge, formidla av 15 skribentar. Heile 103 bilete, teikningar og illustrasjonar! I sanning er det eit fyldig nummer, nr 55 i rekkja, som nett no er i trykken hjå Skrivargarden i Øvre Årdal.

Julenummeret blir sendt til dei 1240 medlemene i Årdal Sogelag. I Årdal distribuert av Budservice, dei kring 470 medlemene utanbygds får bladet via Posten.

Ikkje medlem i Sogelaget? Melder du deg inn no får du dette julenummeret + to nummer av bladet i 2021(sommar/jul). Medlemspengane er kr 250,-. Send epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. og meld deg inn!

Den 15. august la John-Erik Ågotnes ut på 1424 Aordøl eit bilete med 32 gutar og jenter på ei bryggje, truleg i Årdal, 1939 (sjå biletet). Det vart ein heftig debatt om bryggja kunne vera i Øvre, på Tangen, eller kanskje Årdal i Ryfylke. Julenummeret av ÅRDAL FØR OG NO har svaret, og namn på 17 av jentene og gutane!

 

Les mer

Prøvde gamle kunstar under open dag

Under open dag ved Russarbrakka laurdag 8. juni vart ein gamal konkurranse, nærare bestemt det å kasta på stikka, trekt fram i lyset att. 15 personar i alderen seks til 83 år drista seg til å delta i konkurransen.

Den som sigra i denne uhøgtidlege tevlinga var Helge Øvstetun. I sitt beste kast plasserte han femøringen berre tre millimeter frå stikka. 
Anja Bolstad låg lenge i tét, men ho måtte til slutt sjå seg slått med sopass lite som 1,5 millimeter. 
Nummer tre i tevlinga vart Anne Sofie Aarsbog, med eit bestekast som landa 26 millimeter frå stikka.

Det vanka premie til dei tre beste i tevlinga. Førstepremie var Band 1, 2 og 3 av bygdebok for Årdal, andrepremie var jubileumeboka til Årdal kommune frå 2010, medan den gamke bygdeboka skriven av Jon Laberg var tredjepremie.

Premiane blir leverte til dei tre vinnarane.

Årdal Sogelag gratulerer vinnarane, og takkar alle som deltok for innsatsen. Takk også til alle andre som tok turen til Russarbraakka denne dagen. Ei særskild takk til Årdalstangen Musikklag, som har gjort det til ein vane å underhalda ved brakka under open dag.

Les mer

No kjem snart sommarnummeret av Årdal Før og No

Om eit par veker dumpar utgåve nummer 52 av Årdal Før og No ned i postkassen til medlemene i Årdal Sogelag. Denne gongen lovar me ei fyldig utgåve på heile 56 sider.

 Ferielektyre i sommar blir artiklar med innhald både frå 1800-, 1900- og 2000-talet. Me kan nemna tjuvfiske i Tyin, kanalplanane i Hæreidselvi, ein artikkel om korleis det stod til i Årdal tidleg på 1900-talet. 
Me har også henta stoff frå skribentar litt lenger ut i fjorden til denne utgåva. Jon Navarsete, kjend frå idrettsmiljøet og artikkelseriar i Sogn Avis, har levert tre artiklar, medan Vidar Lægreid har skrive ein artikkel om mjølketransporten mellom Hafslo og Årdal i etterkrigdstida.

Og lesarane våre har mykje meir å gleda seg til ...

Les mer

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook