Menu

Årsmøte i sogelaget

Årdal Sogelag heldt årsmøte i sogelagsbrakka torsdag 26. februar.

Sogelaget kan sjå tilbake på eit aktivt år. Eit år der medlemstalet i laget for første gong passerte 1.100. Ved utgangen av 2014 var det registrert 1.131 betalande medlemer, 78 medlemer meir enn for eitt år sidan.

På årsmøtet tok Bjørn Lindland attval som leiar. Ham går no inn sitt 15. år som sogelagsleiar.
Dei andre som var på val denne gongen, takka alle ja til ein ny valperiode. Rett nok med ei endring. Sigfrid Hovland bad om å få sleppa skrivararbeidet, eit verv ho har hatt i fleire år no. Det ønskjet vart imøtekome, og underteikna tok over som skrivar. Sigfrid held fram som styremedlem i laget.

Etter valet ser sogelagsstyret slik ut: leiar: Bjørn Lindland, kasserar: Helge Øvstetun, skrivar: Kjell Eldegard, styremedlemer: Oddvar Natvik, Jonny Asperheim, Sigfrid Hovland og Egil Jørgen Lund. Varamedlemer Astrid Myran Aarvik og Jan Grønsberg. Revisor: Einar Asperheim.

Les mer

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook