Tidlegare sjåførar hjå Einar Kristiansen samla til mimring i Årdal
Lørdag 9 mai var tidlegare sjåførar hjå Einar Kristiansen samla til hyggeleg samvære på Årdalstangen.
Lørdag 9 mai var tidlegare sjåførar hjå Einar Kristiansen samla til hyggeleg samvære på Årdalstangen.

Årdal Sogelag heldt årsmøte i sogelagsbrakka torsdag 26. februar.
Sogelaget kan sjå tilbake på eit aktivt år. Eit år der medlemstalet i laget for første gong passerte 1.100. Ved utgangen av 2014 var det registrert 1.131 betalande medlemer, 78 medlemer meir enn for eitt år sidan.
På årsmøtet tok Bjørn Lindland attval som leiar. Ham går no inn sitt 15. år som sogelagsleiar.
Dei andre som var på val denne gongen, takka alle ja til ein ny valperiode. Rett nok med ei endring. Sigfrid Hovland bad om å få sleppa skrivararbeidet, eit verv ho har hatt i fleire år no. Det ønskjet vart imøtekome, og underteikna tok over som skrivar. Sigfrid held fram som styremedlem i laget.
Etter valet ser sogelagsstyret slik ut: leiar: Bjørn Lindland, kasserar: Helge Øvstetun, skrivar: Kjell Eldegard, styremedlemer: Oddvar Natvik, Jonny Asperheim, Sigfrid Hovland og Egil Jørgen Lund. Varamedlemer Astrid Myran Aarvik og Jan Grønsberg. Revisor: Einar Asperheim.
Filmen "Vegen" er kopiert over på DVD og til sals for kr.175,-+ porto.
Ein film om endringane i bygdesamfunnet i Naddvik, Årdal kommune i Sogn og Fjordane, då vegsambandet kom i 1981.
Kan tingast: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Tlf; 95997018
Leiar Bjørn Lindland , Tlf : 95997018
Kasserar Helge Øvstetun, Tlf : 45279580
Skrivar Sigfrid Hovland, Tlf : 57664930 / 91825007
Styremedlemmer Oddvar Natvik ( redaktør ), Tlf : 57661506
Jonny Asperheim ( fotoarkivar ), Tlf : 95832641
Egil Jørgen Lund, Tlf : 57661596/91304321
Kjell Eldegard, Tlf : 90041615
Varamedlemmer Astrid Myran Aarvik, Tlf : 91635360
Jan Grønsberg, Tlf : 91358496
Det populære bildearkivet vårt er oppgradert med nytt design og nye funksjonar. Det er no enklare å søke i databasen og navigere gjennom bileta.
Alle er velkomne til å ta del i diskusjonar og kommentere under kvart bilete!
Sogelaget har hatt eiga heimeside sidan 2001. Teknologien utviklar seg raskt, og det er viktig for oss å tilpasse heimesida med tanke på nye moglegheiter innan innhald og design.
Den nye sida er blant anna betre tilpassa nettbrett og smartmobilar. I tillegg kan me tilby meir dynamisk innhald ved å legge ut bilder, video og lyd!
Kommentarsystemet i bildearkivet er lagt om slik at det no er enda enklare å bidra med tilleggsopplysninger m.m. for kvart bilete.
Me vonar den nye heimesida fell i smak, både for nye og trufaste besøkande!