Brakka i Saltviki
Framdriftsplanen vidare i haust er å få ordna toalet/ baderom samt kjøken. Avløps og vannledning er sjekka av komunen og funne i orden. Utandørs må nokre bjørketre bøta med livet (god ved) og ein del gravearbeid utførast rundt restane av den tidlegare grunnmuren, slik at dei kan fungera som sitteplassar ved utesamlingar. Me er no spente på korleis forholda vert ovanfor brakka med tanke på den planlagde flomsikringa som vil koma i samband med Migangjelet.
Sogelaget har også hatt førespurdnad fra lag som vil leiga "storstova" som møterom, og det ser sogelaget som positivt.
Vidare framdrift vert blandt anna å innreia rom som syner korleis dei russiske tvangsarbeidarane budde under krigen, og seinare pendlarane frå nabokomunane som tok seg arbeid i Årdal. Når Sogelaget får vitjing utanfrå, kan me tilby overnatting på enten "russisk" krigsfange, pendlar eller famililie i 50 tals stil.
