Tilbakeblikk på tida som har gått i Årdal
Velkommen til Årdal Sogelag sine nettsider - med bilete og tekst frå tida som har gått i industribygda innerst i Sognefjorden.
Årdal Sogelag er eit av dei største sogelaga på vestlandet med over 900 medlemmer.
Gjennom bl.a. medlemsblad, innhenting av lokalhistorisk stoff og restaureringar ynskjer me ta vare på minna frå Årdal!
Texas 2013
Me har fått nokre ledige plassar på turen til Texas i oktober. Me vonar at dei som har lyst til å vera med på ei fantastisk oppleving til hjarte av USA, tek kontakt så snart som råd. Turen inneheld m.a. mykje musikk og historie. (Sjå omtale annan stad på sida)Send e-post til: astridmyran@gmail.com
Sal av DVD`en « Årdal 1940 -85»
Årdal Sogelag har fått filmprodusenten Motlys til å kopiera opp eit antal av filmen som vart laga i 1986 på tinging av Årdal Verk og Årdal kommune. Filmen var for mange år sidan å få på video, men no har vi fått produsenten til å finpussa originalen og spela han over på DVD.
Filmen er på 25 min, og første del er basert på tyske opptak frå krigstida som syner oppbygginga av Årdal Verk. For å syna korleis det vart, gjorde produsenten opptak av Årdals-samfunnet i 1985 med aktivitet på ferjekaien og på torget i Øvre Årdal, oksidbilar som køyrer med ÅSV-logoen på osb. Dette er historie frå nær fortid. Kommentarane vart lesne av Stein Terje Heide.
DVD`en kostar kr 175,- eller kr 200,- sendt i posten. Send e-post til Sogelaget eller kontakt leiaren på mob. 95997018.Støtt sogelaget via Grasrotandelen - Norsk Tipping
No kan du støtte Årdal Sogelag kvar gang du tippar! Grasrotandelen er ei ny ordning som gjer at du kan velge deg ut eit lag eller forening som får 5% av innsatsen din kvar gang du spelar hjå Norsk Tipping. (Lotto, Tipping, Keno osv..) Ordninga er gratis!
Det er enkelt å bli med på ordninga - vel eit av dei tre alternativa under:
- Skriv ut denne strekkoden og ta den med til din tippekommisjonær
- SMS: Send tekstmeldinga grasrotandelen 984846126 til nummeret 2020 (gratis)
- Besøk grasrotandelen.no
Brosjyre frå Norsk Tipping kan du laste ned her! (PDF fil)
Medlemstalet over 900!
Sidan oppstarten av laget har medlemstalet berre vist ein veg; oppover! Pr. i dag har me passert 900 betalande medlemmer, og dette tek me som eit teikn på at folk set pris på arbeidet vårt!Ikkje medlem? Registrer deg via internett her!

