Menu

No kjem julenummeret snart

Utgåve nummer 57 av Årdal før og no er snart å finna i postkassen til medlemene i Årdal Sogelag. Denne gongen med artiklar levert av både «gamle» og nye bidragsytarar.

 Av sistnemnde er det tre karar; Øyvind Lægreid, Kurt Nilssen og Knut Bryn. Øyvind skulle vera godt kjend her i Årdal, som lærar i heimbygda i mesteparten av sitt yrkesaktive liv. I utgåve 57 har han skrive ein artikkel om Torleivhaugen, ein husmannsplass under ein av Lægreidsgardane på Årdalstangen.

Kurt Nilssen, fødd og oppvaksen i Øvre Årdal, har tre artiklar i årets juleutgåve av sogelagsbladet. Ein av artiklane er om Peder Pedersen Holsæter, onkelen til Kurts mor. Peder var fødd på Øvre Gjerde i Fardalen, og emigrerte til USA i 1904, 17 år gamal. Der borte slo han seg fram som brytar, og, syner det seg no, vart far til ein gut som på 1950- og 60-talet stod på dei store operascenene både i USA og Europa.

Den tredje av dei nye bidragsytarane, Knut Bryn, har røter tilbake til koparverktida i Årdal. Den gongen, for om lag 300 år sidan, var tipptipptipptippoldefar hans, Mons Olsen Langevoll, i arbeid hjå Årdal koparverk. Det er inntrykka etter ein tur han tok opp til forfarens arbeidsplass i Gruvefjellet Bryn skriv om

Desse artiklane, og meir til, kan medlemene våre sjå fram til å kosa seg med i julehelga i år.

Oppdatering søndag, 19. desember: Distribusjon av julenummeret startar opp måndag 20. desember: Då skal Budservice levera bladet til adressatane i Øvre Årdal. Dei med adresse Årdalstangen får bladet tysdag 21. desember. Dei som får bladet gjennom Posten, det vil seia dei i Årdal som har postboks, samt dei som bur utanbygds, får vonleg bladet i løpet av veka. 

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook