Om Sogelaget
![]()
Årdal Sogelag har eksistert i snart 60 år. Laget vart skipa i 1949 av nokre eldsjeler som såg at bygda hadde vore gjennom store endringar på kort tid og visste at meir ville koma. Det var om å gjera å sikra for ettertida minna frå fortida.
I byrjinga
I løpet av kort tid hadde dei fått kjøpt Koparverkshuset, fått flytt og sett det opp att. Det vart også gjeve ut fleire årbøker med lokalhistorisk stoff. Sogelaget var aktivt med i samling av stoff til bygdebøkene der fyrste bandet kom ut tidleg på -70 talet med kommunen som utgjevar. Etter dette gjekk laget i dvale. Skiparane var blitt gamle og oppgåvene hadde andre no teke hand om.
Ny oppstart
Dvaletilværet varde til 1991. Då vart laget starta opp att. Årsaka til dette var eit gamalt skulehus som sto i fare for å verta rive, og ein del tykte dette var for ille. Det nye styret sette opp ei rad saker som dei ville arbeide med. Bindeleddet ut skulle vera bladet "Årdal før og no" som skulle innehalda lokalhistorisk stoff frå både gamal og ny tid. Til no er det utgjeve 28 nr. av bladet.
Saker og prosjekt
Av andre saker som dukka opp, var kontakt med krigsfangar og tvangssende frå Russland, Ukraina og Frankrike som var her under krigen. Dei var med og bygde opp kraftstasjonen og fabrikkanlegga. Sjebnen sidan til folka frå auststatane var i alle år ei gåte inntil vi kontakt. Mange årdøler fann vegen til USA og det var derfor naturleg å ha utvandring og service for amerikanarar på leit etter røtene sine som arbeidsfelt.
Forutan Koparverkshuset har laget ansvaret for Russarbrakka i Saltviki. Brakka er den einaste som står att av dei talrike brakkene som vart sette opp overalt i bygda for å husa arbeidsfolk under krigen. Vi nyttar brakka til styremøta våre og på sikt skal vi setje alle romma i stand. Eit rom skal møblerast slik det såg ut i krigstida medan russarar og ukrainerar budde der. Rom skal syna korleis ein familie budde på 50- talet.Vi har fått eller skaffa til vege mykje av inventaret som trengst.
Sogelaget vart nytta til å byggja opp utstillinga i Gamle Kraftstasjonen til Hydro sitt 100- års jubileum. Laget har vore nytta som ressurskjelde ved spørsmål om bygda si historie og industrioppbygginga og har eit stort biletarkiv til rådvelde.Vi har stilt opp som omvisarar ved skulebesøk og -turar , ekskursjonar frå universitet og som vegvisarar der einskildpersonar eller grupper frå USA har vore på leiting etter slektsrøtene sine.
Ellers er alt om eldre og nyare tradisjonar, arbeidsliv, kommunikasjonar osb. interessant for oss. Vi har avfotografert og registrert gamle billete og har også fått overta heile samlingar. Vi har kalla medlemsbladet vårt for "Årdal før og no" sidan det skal dekka ein vid tidsepoke. Med den raske utviklinga som finn stad, så er gårsdagen historie i morgon.
Årdal Sogelag har kring 900 medlemmer som gjer laget til eit av dei største sogelaga på vestlandet.
Bjørn LindlandHar du lyst til å bli medlem av laget vårt?
